Nansensymposiet: I fotefara til Fridtjof Nansen, Bergen - Oslo 1884 - 2017

Nansensymposiet er den offisielle åpningen av HardingEkspedisjon: I fotefara til Fridtjof Nansen, Bergen - Oslo 1884 – 2017 og finner sted på Nansensenteret onsdag 8. mars.

Bakgrunnen for HardingEkspedisjon: Nansen, 1884 – 2017 er at den unge zoologistudenten Fridtjof Nansen vinteren 1884 kom over et oppslag i Norsk Idrætsblad at det skulle avholdes skirenn i Husebybakken i Oslo. Han pakket sekk, ski, den ene staven han brukte og dro fra hybelen i Øvregaten 7 i Bergen. En uke senere stod han til start (og ble for øvrig nr 9). Etterpå gikk han tilbake. Nå i mars 2017 skal et turfølge gå i hans fotefar. En håndplukket gjeng med hardinger skal ta med seg en skistav fra Nansen si tid fra Bergen til Oslo. Til sist ender ferden med en folkevandring gjennom Nordmarka og skifest sammen med Skiforeningen og Skimuseet lørdag 18. mars på Ringkollen.  

Program for Nansensymposiet på Nansensenteret i Thormøhlens gate 47 på Marineholmen,  8. mars kl. 19-22:

Innleder

Organisasjon

Tema/tittel

AK Glück-Teigland

Dagleg leiar Hardanger åtgaum AS og turleiar HardingEkspedisjon 2017

Om "HardingEkspedisjon: Nansen 1884 - 2017"

Johnny A. Johannessen

Seniorforsker, Nansensenteret (NERSC)

Nansensenteret sitt verkefelt. Kva betyr Nansen si forsking i dag? 

Yngve Kristoffersen

Professor, Department of Earth Science, UiBergen

1 år med forskning på Nordpolen

Anders Bache

Partner/prosjektleiar, YourWay AS

Nansen si ferd over Grønland 1888

Harald Dag Jølle

Polarhistoriskar, Norsk Polarinstitutt

Oppdagaren Fridtjof Nansen. Om Nansen sin utferdstrong og søk om svar i naturen

Påmelding til åpningssymposiet HardingEkspedisjon: Nansen, 1884 – 2017. Deltakelse er gratis.

Om foredragsholderne på åpningsseminaret:

Harald Dag Jølle: Norsk historikar og fjellklatrar. Han er tilsett ved Norsk Polarinstitutt i Tromsø som spesialist på polarhistorie, og i særleg norsk polarforsknings historie. Hausten 2011 kom han ut med fyrste bind av biografien om Fridtjof Nansen. Jølle vann Sørlandets litteraturpris for 2012 i kategori sakprosa for boka "Nansen. Oppdageren".  Han var også ekspedisjonsdeltakar til Sørpolen 2011 saman med Vegard Ulvang, Stein P. Aasheim og Jan-Gunnar Winther. Ekspedisjonen fylgde same rute som Roald Amundsen fylgde i 1911–12, og nådde fram til polpunktet på dagen 100 år etter at Amundsen & Co nådde polen i 1911.

Yngve Kristoffersen: Den 74 år gamle professor emeritus ved UiB gjennomførte 2014-2015 eit eittårig forskingsprosjekt omkring Nordpolen om bord på ein luftputebåt. To menn på 4 kvm i 350 dagar i 1900 km drift over Polhavet, totalt isolert frå anna sivilisasjon.Nordpol-duoen var på jakt etter ny kunnskap om asteroidenedslag, klimaet for 50 millionar år sidan, drivisen og ny teknologi for polarforsking. På mange vis vidareførte dei forskinga som Nansen byrja på Fram 1893 - 1896.

Johnny A. Johannessen: Var med på å etablera Nansensenteret i Bergen i 1986. Johannessen er utdanna i fysisk oseanografi ved Geofysisk Institutt, UiB og har ein Doktorgrad i satellitt oseanografi fra UiBergen (1997). Me vil få ei innføring i kva Nansensenteret betyr for forskinga i dag.

Anders Bache: Oppvaksen i Oslo, men bur no på ein husmanssplass i Nordmarka. Her sluker han alt av polahistorie til frukost, middag og kvelds. Han lever etter mantraet til den største polarhelten i Grønlandsk historie, Knud Rasmussen: “Giv mig Vinter og Hunde – saa maa I for mig gerne beholde alt andet for jer selv…” Anders er lidenskapeleg oppteken av polarhistorie og fullfører for tida mastergrad i arkeologi med fokus på liv og ekspedisjonar i Arktis. Han har tidlegare jobba fleire sesongar som guide i Arktis og Antarktis og har 10 år med polarhistorisk arbeid ved museum i Norge og England bak seg. Anders er partnar i selskapet Yourway og er prosjektleiar for all aktivitet på Finse og i Framheim.

AK Glück-Teigland: Dagleg leiar i Hardanger åtgaum AS og leiar av HardingEkspedisjon. Er gamal speidar og har ein sær kjærleik til det å frysa. Bur på eit bygdemuseum i Hardanger og arrangerer alt frå små lokalarrangement til fjellskiløp og ultramaraton i heimefjella.

 

For ytterligere informasjon om HardingEkspedisjon: I fotefara til Fridtjof Nansen, Bergen - Oslo 1884 – 2017.